Hordaland politidistrikt

Politidistriktet har fått i oppdrag å utarbeide forslag til endringar i politidistrikta sine lokale organisering (politistasjonar og lensmannskontor). Målet er at den nye organiseringa skal gi distriktet eit betre og meir nærværande politi. For å skape eit godt resultat er det viktig med god involvering av kommunar og politiet sine tenestemannsorganisasjonar.

Lokal prosess

Alle kommunane i Vest politidistrikt er invitert med i prosessen med Nærpolitireforma og utforminga av lokal tenestestruktur skal byggje på ein god dialog og samhandling med kommunane og fylka. Kommunane er og invitert med til å sitte i styringsgruppa for prosjektet som gjelde lokal tenestestruktur.

Møteplan

Styringsgruppa har hatt følgjande møteplan denne hausten:

  • 24. august - dialogmøte med alle kommunane i politidistriktet
  • 5. september
  • 5. oktober - siste styringsgruppemøte i denne prosessen

Lokal tidslinje for prosessen

  • Innan 21. oktober 2016
    Politimeisteren sitt forslag til lokal tenestestruktur sendast for utsegn til kommunar og tenestemannsorganisasjonar
  • 1. desember 2016
    Frist for interessentar for å komme med utsegn til politimeisteren sitt forslag til lokalt tenestestruktur
  • 15. desember 2016
    Politimeisteren sendar din tilråding til Politidirektoratet
  • 15. januar 2017
    Politidirektoratet vedtek lokal tenestestruktur basert på tilråding frå Politimeister
  • 19. mars 2017
    Frist for kommunane sin høve til klage på Politidirektoratet sitt vedtak om lokal tenestestruktur
  • 1. april 2017
    Frist for politidirektoratet si vurdering av klagesakane
  • 1. april 2017
    Politidirektoratet sin frist for oversending av klagesakane til Justis og beredskapsdepartementet

Endringsprosessar internt i politiet

Samstundes med prosessen med å endre tenestestadstruktur går det også store prosjekt internt i politiet med å endre på organiseringa av funksjonelle einingar. Dette er einingar som leverer tenester til heile politidistriktet og dei skal på ein betre måte levere kapasitetsforsterkning ved behov til dei lokale einingane. Samstundes skal dei gjennom å vere ansvarleg for fagstyringa levere treningsopplegg og andre kompetansehevande tiltak innanfor ulike områder.

Meir effektiv utnytting av informasjonsteknologi

I arbeidet med å skape eit politi som er nærare på folk og som arbeidar meir effektivt vil politiet i åra framover bli betre på å utnytte moglegheitene som ligg i mobil informasjonsteknologi. Det er eit mål at langt meir av arbeidet med straffesaker, spesielt i initialfasen, skal kunne gjerast der hendinga har funne stad. Både folk og politipatruljane sine behov for å oppsøke eit av politiet sine kontor skal på denne måten reduserast.

Mobile kontor

Målet i reforma er å utvikle eit meir kompetent og effektivt nærpoliti. Vi skal flytte ein del ressursar frå kontor med avgrensa opningstid, til å vere tettare på både innbyggjarar og kriminaliteten.

Når lensmannskontor blir slått saman, skal politiet framleis vere til stades. Fleire patruljer skal ut på vegen og politibilane skal ha utstyr som gjer det mogleg å starte etterforsking på staden og gjere nødvendige avhøyr.