Klage på politiet si tenesteutøving

Dersom du opplever at politiet har gjort feil eller fare kritikkverdig åt, kan du klage på politiet.

Kva kan du klage på?

Du kan klage dersom du meiner politiet har vore uhøfleg, trakasserande, fare uheldig åt, ikkje har gjeve opp tenestenummer på førespurnad, ikkje har svart på brev, at du har vorte feilinformert osb.

Kven klagar du til?

Du sender klaga di til politet der hendinga fann stad. Du kan òg levere klage munnleg. Klaga di skal då skrivast ned av politiet.

Her finn du kontaktinformasjon til politiet.

Kva skjer når du har levert ei klage?

Klaga vert vurdert av politimeisteren. Etter at undersøkingane er ferdige, avgjer politimeisteren klagesaka og sender deg eit svar med grunngjeving. Sakshandsamingstida skal ikkje vere lenger enn ein månad.

Dersom det tar lenger tid, skal du få melding om dette frå politiet.

Det skal gå fram av svaret om politimeisteren er einig eller ueinig i at det har skjedd noko kritikkverdig frå politiet si side.

Kva gjer du dersom du ikkje er einig i politimeisteren si avgjerd?

Du kan klage på politimeisteren si avgjerd til Politidirektoratet. Du sender inn klage på avgjerda via politidistriktet. Politidistriktet sender klaga vidare saman med dokumenta i saka til Politidirektoratet.

Politidirektoratet vurderer saka på nytt. Det skal gå fram av svaret frå Politidirektoratet om du får medhald i at det har skjedd noko kritikkverdig frå politiet si side.

Politidirektoratet si avgjerd kan ikkje påklagast.

Kva skjer dersom klaga gjeld etterforsking, bortlegging eller tiltale i ei straffesak?

Klager på etterforsking av straffesaker eller klager på påtaleavgjerder (til dømes bortleggingar, tiltalespørsmål eller førelegg) vert handsama av påtalemyndigheita. Det vil i første instans seie politiet eller statsadvokaten og i siste instans riksadvokaten. Klaga vert sendt til politidistriktet som har saka.

Melde straffbar tenestehandling

Dersom du meiner at tilsette i politiet eller påtalemyndigheita har gjort seg skuldig i ei straffbar handling i tenesta, kan du melde tilhøvet til Spesialeininga for politisaker.

Kva kan du melde?

Brot på teieplikta, maktbruk utan grunn, rasistiske utsegner, ulovleg bruk av tvangsmidlar (fridomskrenking, ransaking, kroppsleg undersøking) er døme på handlingar som kan vere straffbare.

Kven melder du til?

Skriftleg melding skal sendast til Spesialeininga for politisaker. Du kan òg levere meldinga til politiet som sender denne vidare til Spesialeininga.