Forsiden

- Norsk politi er høgt utdanna og vi gjennomfører i dag mange kompetansehevande tiltak både gjennom etter- og vidareutdanning på Politihøgskulen og i distrikt og særorgan. Vi har likevel sett at det er behov for meir systematisk fagutvikling, der også evaluering og tilbakemelding inngår, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård.  I tillegg vil innføring av arbeidsmetoden Politiarbeid på staden sikre at alle operative mannskap får tre dagar med opplæring i gjennomføring av avhøyr, sporsikring og dei får systematisk tilbakemelding på utført arbeid. 

Trening for etterforskarar

Som ein del av Etterforskingsløftet skal Politihøgskulen (PHS) auke kapasiteten på etter- og vidareutdanninga innan etterforsking. Det er planlagt at til saman 216 etterforskarar skal kunne gjennomføre vidareutdanningskurs innan etterforsking i år og i 2018. Kapasiteten på instruktørutdanninga vil også aukast i år. I tillegg har PHS eit masterstudium i etterforsking som starta i fjor, og det kjem ei eiga ny utdanning for påtalejuristar som skal leie avhøyr av barn under 16 år og andre særleg sårbare.

Styrka leiing

Både nye teknologiske løysingar og betre samordning av straffesaker, skal gjere det lettare for leiarane i distrikta å ha oversikt over straffesakene.  I snitt handsamar politiet rundt 350.000 små og store straffesaker i året.  Ein stor del av desse blir avgjort i løpet av få dagar, medan andre krev meir omfattande etterforskning og påtaleleiing. Innføring av eit felles straffesaksinntak i alle distrikt vil sikre tilgjengeleg etterforskingsleiing og vere politidistriktet sitt apparat for mottak og prioritering av alle straffesaker.