Aktuelt

Seriane gir publikum høve til å få innsyn i politiets arbeid, noko som påvirkar tillitten til politiet, vårt omdømme og truleg også interessa for å søke seg til politiet. Men det utfordrar krava til personvern og teieplikt, og det er svært ressurskrevande for politiet å delta. Difor skal det ligge grundige vurderingar til grunn før politiet deltek i TV-produksjonar som ikkje kan definerast som journalistisk nyheitsproduksjon. 

Eit utval er no sett ned for å vurdere dei prosjekta som er meldt inn ? og skal gje sine råd til distrikt, særorgan og leiinga i Politidirektoratet før det vert sett i gang fleire prosjekt.  Arbeidsgruppa er leia av kommunikasjonsstab i POD ved Anne Margrete Alværn.