Aktuelt

20 tiltak fordelt på 6 område
I handlingsplanen er det skissert 20 tiltak for å oppnå eit etterforskingsløft, fordelt på områda "Styring og forvaltning", "Ledelse og kultur", "Kompetanse og læring", "Samhandling og arbeidsprosesser", "Organisering og organsiasjonsforhold" og "Digitalisering og IT-støtte".  Arbeidet med fleire av desse tiltaka har alt starta opp, mellom anna innføring av arbeidsforma Politiarbeid på stedet, Felles straffesakssystem, og øvelsar som inkluderar etterforsking.

Ingen raske løysingar
- Vårt mål med handlingsplanen er at den skal bidra til å heve kvaliteten ved etterforsking og påtalearbeid i heile landet og bidra til meir einsarta oppgåveløysing. Vi er klar over at det ikkje finnast raske og enkle løsninger for å realisere løftet, men evne og vilje til å prioritere området over tid er ein føresetnad, ikkje minst frå leiinga, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård. Vår klare målretting er at tiltaka skal gjere det meir attraktivt å arbeide som etterforskar og påtalejurist i politiet.