Aktuelt

Skulstad har brei fagleg bakgrunn frå politiet, både som polititenestemann og som påtalejurist. I tillegg har han tung leiarerfaring frå høgste nivå i politiet.

Skulstad er cand. jur frå Universitetet i Oslo frå 1993, og har innehatt fleire stillingar i politi- og lensmannsetaten.

Frå 2011 til 2014 var han rektor hjå Politihøgskulen, og i perioden 2006 - 2011 var han politimester i Østfinnmark politidistrikt. Sidan september 2014 har han vore prosjektleiar for Prosjekt nye Politidistrikter (PNP).

Skulstad har òg erfaring frå Justisdepartementet, kor han i perioden 2002 - 2006 var avdelingsdirektør for politiavdelinga. Vidare har Skulstad vore statsadvokat, konstituert førstestatsadvokat hjå Økokrim, og assisterande sjef og konstituert sjef i Kripos.

- Eg er glad for at vi no har fått på plass ein ny assisterande politidirektør. Vi vil kome tilbake til oppstartstidspunkt og hans rolle som prosjektleiar for PNP, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård.