Møre og Romsdal politidistrikt etterforskar årsaka og omstenda rundt hendinga, for å identifisere kva part som er ansvarleg for å provosere til vald, og kva konkrete valdshandlingar som blei gjort av belgiske soldatar og lokale innbyggarar.

Fire personar blei først sikta i saka. Den vidare etterforskinga har gitt grunnlag for å sikte ytterlegare fire personar. Per no er totalt åtte personar sikta i saka.

- Videobevis frå åstaden har ført til identifisering og påfølgande sikting av dei ytterlegare fire personane. Vi har samarbeida godt med belgisk militærpoliti og leiinga i den belgiske delegasjonen med å identifisere dei involverte, seier Anders Skorpen-Trøen, politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt.

Møre og Romsdal politidistrikt held også fram med etterforskinga av det som ikkje er fanga på video. Vi undersøker i tillegg om lokale innbyggarar har utøvd vald mot belgiske soldatar. Så langt er ingen lokale innbyggarar sikta, og ingen belgiske soldatar er rapportert som skadd som følge av hendinga.

På noverande tidspunkt er seks personar registrerte som fornærma i saka. Ein av dei fornærma blei lagt inn på sjukehus etter hendinga, men har sidan blitt skrive ut. Det er uklart om personen har fått langvarige skader. I tillegg skal fem personar ha blitt lettare skadd.

Kommentar frå den belgiske føderale påtalemyndigheita:

- Den belgiske føderale påtalemyndigheita vil på si side understreke at samarbeidet mellom den norske påtalemyndigheita og den belgiske føderale påtalemyndigheita har vore veldig godt. På dette stadiet har norske myndigheiter framleis kontroll på etterforskinga. I tillegg blei to belgiske politi frå eininga som spesialiserer seg på militærsaker sendt til staden. På dette stadiet er ingen belgiske tenestemenn i isolasjon.