Politiet ber dei som kan ha observert den sakna om å ringe politiet på telefon 02800.

Den sakna mannen er antatt ikledd same klede som vist på bildet. Politiet ber publikum legge merke til joggeskoa til den sakna som har ein oransje tupp.  Merk at den sakna har kort hår på noverande tidspunkt. Politiet oppfordrar også publikum til å sjekke buer og andre aktuelle opphaldsstadar på sine eigendommar, for å sjå om den sakna kan opphalde seg der.

- Politiet jobbar med operative søk, etterretning og etterforsking, der vi
eksempelvis hentar inn video frå overvakingskamera og avhøyrer personar som kan ha informasjon om den sakna sine bevegelsar den siste tida, seier
operasjonsleiar Jens Dahl.

Politiet iverksette søk etter den sakna måndag formiddag. Det blei søkt gjennom natta, og tysdag har søket fortsett med store ressursar. Utgangspunktet for leiteaksjonen er NTNU Ålesund, og nærområdet.
Det var medstudentar av den sakna som meldte mannen sakna. Etterlysing i media med namn og bilete skjer etter ønske frå pårørande. Håpet er at nokon kan ha informasjon om den sakna som kan hjelpe politiet å finne han.

Den sakna mannen.
Den sakna mannen er antatt ikledd same klede som vist på bildet.
Den sakna mannen
Politiet ber publikum legge merke til joggeskoa til den sakna som har ein oransje tupp. 
Den sakna mannen.
Merk at den sakna har kort hår på noverande tidspunkt.