Renate Grande, politistasjonssjef ved Nordre Sunnmøre politistasjon
Renate Grande, politistasjonssjef ved Nordre Sunnmøre politistasjon

Politiet oppmodar no publikum om å ikkje dele videoen vidare av omsyn og respekt for den fornærma i saka.

– Det er straffbart å urettmessig dele bilete, film eller lydopptak av nokon som til dømes blir utsett for vald, eller er i ein svært sårbar eller utsett situasjon, jf. straffeloven § 267 a. Slike videoar er ikkje underhaldning, seier Renate Grande, politistasjonssjef ved Nordre Sunnmøre politistasjon.

 

Om du mottek ein slik video er det fleire ting du kan gjere og absolutt ikkje bør gjere.

Ikkje del vidare og slett videoen. Gi beskjed til den som har delt det om at det ikkje er lov å dele. Be gjerne den som har delt om å slette videoen. Rapporter gjerne delinga til den aktuelle appen det deles i. Mange nettsider og appar har rapporteringsfunksjonar, og du kan be om at bilete og videoar blir sletta.

 

 

Presseførespurnader:

+47 990 94 670

kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no