Tjenester

Søkjer du om våpen til jakt må du leggje ved dokumentasjon på at du er registrert i Jegerregisteret. Skal du bruke våpenet til øvingsskyting eller i konkurransar må du leggje ved kopi av medlemskort i lokal klubb, dokumentasjon på forbundstilknyting og at du er aktiv skyttar. Aktivitet vert dokumentert ved å leggje ved ein oversikt over kva stemne og treningar du har delteke på.

Gebyr for innvilga søknad

Gebyret som du betalar for innvilga våpensøknad følgjer satsane for rettsgebyr:

  • Første gong du søkjer betalar du fullt gebyr, pr. 1. januar 2016, kr 1 025,-
  • Neste gong (neste våpen) halvt gebyr, kr 512,-
  • For søknad om ein våpendel betalar du kr 256,-

Gebyret skal betalast til det politidistriktet der du søkjer om våpen. Har du spørsmål i samband med våpensøknad, ring 02800 og spør etter våpenkontoret.

Registreringsplikt på hagle

Registreringsplikt for alle hagler blei innført 1. oktober 1990. Eig du ei ordinær enkelt- eller dobbeltløpa hagle (ikkje magasinhagle) som du lovleg har skaffa deg før denne datoen, treng du ikkje å registrere den. Men viss hagla skal overdragast til ny eigar må den nye eigaren ha gyldig løyve til å skaffe seg den (ervervstillatelse), før han eller ho kan overta hagla. Alle magasinhagler (pumpe- og halvautomatiske hagler) er registreringspliktige, uavhengig av kor gamle dei er.

Kor mange våpen kan eg eie?

Det er behovet som avgjer kor mange våpen ein person kan eige. Ein jeger vil kunne ha behov for fleire våpen til ulik type jakt. Ein konkurranseskyttar kan også ha behov for fleire våpen avhengig av konkurranseaktivitet og av kva godkjend skyttarorganisasjon utøvaren er tilknytt. Meir om behovskrav finn du i Våpenlova § 7. (Sjå link til høgre). Om du skal skaffe deg pistol og revolver til øvings- og konkurranseskyting, sjå Politidirektoratets rundskriv (link til høgre).

Krav om våpenskap

Våpenforskrifta fastsett av Justisdepartementet 25. juni 2009 (sjå link til høgre) krev at alle registreringspliktige skytevåpen skal oppbevarast i godkjent våpenskåp. Dersom du då forskrifta vart gjort gjeldande 1. juli 2009 hadde fire ordinære våpen eller færre (ikkje pistol/revolver eller halvautomatiske skytevåpen), og du ikkje skal skaffe deg fleire våpen, har du frist til 1. juli 2010 med å skaffe godkjent våpenskåp.

Lovlege og ulovlige våpen

Rundskrivet frå Politidirektoratet (link til høgre) tek føre seg ei rekkje våpentypar som er ulovlege i Norge. Stungun (straumpistol) er ulovleg i Norge. Du må ha løyve frå politiet for å kunne skaffe deg luft- og fjørvåpen som har grovare kaliber enn 4,5 mm. Kravet om løyve (ervervstillatelse) gjeld ikkje paintballvåpen og airsoft gun. Minstealder for å kunne skaffe seg og ha luft- og fjørvåpen er 18 år. Dette gjeld uansett om våpenet er registreringspliktig eller ikkje. Treng du informasjon om enkelte våpentypar må du vende deg til fabrikken eller importøren. Politiet distribuerer ikkje slik informasjon.

Kjøp av softgun

Softgun kan kjøpast utan løyve av personar over 18 år. Personar under 18 år må ha samtykke frå politiet og minst seks månaders aktivt medlemskap i skyttarlag eller - klubb. Dette gjeld også for luft- og fjørvåpen. Politiet kan gje samtykke til personar som er medlemmer av klubbar tilslutta Norsk softgunforbund.

Det kostar ingen ting å få eit slikt løyve frå politiet.

Strafferamme for å ha ulovlege våpen

Strafferamma er to års fengsel, i grove tilfeller fire år. Dommane som er avsagde i slike saker de siste årene, viser at straffen ofte blir ubetinget, dvs. at den som har ulovlige våpen må sone i fengsel.

Kontaktinformasjon

Gå til lokalinformasjon